Imponerande resultat i NM av Sjur og Vebjørn |
Sjur viste solid form med 2.plass i 30km skiathlom i NM, og med ein flott 1. etappe i stafetten gav han Vebjørn verkeleg høve til å markera seg på den 2.etappen. Vebjørn som på laurdagen for alvor gjekk seg inn i norgeseliten med 5.plass på 15km klassisk, utfordra landslaglauparen Holund og viste heile det idrettsinteresserte Noreg at Voss er ei stor skibygd. ME GRATULERER!
|
Medlemskontingent for 2019 |
Kontingenten for 2019 vert sendt ut i månadsskiftet jan/febr. Me ser gjerne at du går inn på Min idrett og betalar der. I toppmenyen under fana "Medlemskap" finn du rettleiing dersom du ikkje har registrert deg på Min idrett før, eller har gløymt passordet. Familiekontingenten gjeld for foreldre/føresette og born til og med 19 år. Dvs. at born fødde i 1999 og tidlegare ikkje kan få familiekontingent.
|
NM-junior, hopp og kombinert |
Vestlandske Skistemne og idrettslag på Voss ønskjer velkomen til NM junior hopp og kombinert 2019\ i Bavallen og Voss Ski og Tursenter frå 1.02-3.02.
Rennprogrammet finn du her. Vel møtt til gode konkurransar. Bavallsbakken er no modernisert med blant anna nytt isspor i tilløpet.
|
Årsmøter I Voss IL |
Hestesport, 19.februar kl.20.00 Café Stationen Symjing, 04.mars kl. 19.30, Vossabadet Orientering
19.februar kl. 19.00, Voss gymnas Turn 27.februar
kl. 20.00, Idrettshallen Friidrett 20.februar kl. 19.30 Idrettshallen Nordisk 27.februar kl. 19.00, Klausabakken barnehage Idrettsskulen 14.februar kl.
18.00, Vangen skule Alpin sjå www.vossalpin.no Tennis sjå
www.vossil.no/tennis Hovudlaget 28. mars kl. 19.00,
Fleischer´s hotell
Vanlege årsmøtesaker i samsvar med vedtektene.
Framlegg må vera styra i hende 2 veker før årsmøtet.
Styret i hovudlaget/gruppestyra.
|
Bladet Hangoren |
Bladet Hangoren, lagsbladet til Voss IL og Voss Utferdslag, kjem i år ut som vedlegg i avisa Hordaland torsdag 20.12. Dei som ikkje får bladet kan henta det gratis hjå Endeve Sport.
|
Strålande minitour av Sjur |

| Etter eit strålande løp og siger i 15km fristil på laurdag, vart det ein drabeleg kamp med Didrik Tønseth om sigeren i minitouren på Lillehammer. I eit forrykande snøver var det Tønseth som fann det beste sporet/gliden i innspurten. Men som Sjur sjølv sa etter løpet "...eg er strålande nøgd".
Me gratulerer og gler oss til mange spennande løp frametter vinteren. |
|
Imponerande resultat av Sjur Røthe |
Me gratulerer Sjur med ein glimrande 3.plass i opningsrennet på Beitostølen. Og Vebjørn Turtveit følgde opp med ein flott 19.plass.
Det skal bli mange spennande konkurransar utover i sesongen.
- og de tok berre to dagar før Sjur "knuste" resten av noregseliten på 15km fristil. Og Vebjørn viste at han er ein glimrande fristil-løpar med ein sterk 9.plass.
Dette må motivera mange til gode treningsturar på ski - no ventar me berre på snøen!
|  ![]()
|
|
NM i hopp og kombinert til Voss |
2019 startar med to NM på Voss. - 5.- 6.januar: NM i hopp for kvinner i Tunåsen
- 2.-3.august: NM junior, hopp og kombinert i Bavallen
Les meir om arrangementa på www.nmvoss.no
| ![]() 
|
|
Serverkrasj |
Grunna serverkrasj hjå leverandøren av heimesida i helga (10.11), har me mista alt stoff/filer lagt ut frå 14.08 til 10.11. Me vil oppdatera sidene så godt me kan i løpet av veka.
|
No kan du bestilla ny lagsdrakt |
Me har no opna nettbutikk for bestilling av lagsdrakter og vonar mange kjem til å
nytta seg av dette tilbodet.
Du kan kjøpa jakke, bukse og/eller tights. Prisar finn
du i nettbutikken.
Nettbutikken stenger 19.10.18 med forventa levering i veke 48.
Informasjon om pålogging til nettbutikken finn du her.
For dei som ynskjer prøva storleiken, har me eit utval drakter på lager. Dagar før prøving finn du nedst på infosida. |  |
|
Gode resultat i Mølsterberget opp |
Trass i regn, våte løyper og innimellom ufyseleg ver var det gode resultat i Mølsterberget opp Emma Hanstveit vann kvinneklassen med 8.39, 9 sekundar føre tvillingsøstra Anna. I klassen for menn delte Hans Inge Klette og Lars Erik Skjervheim førsteplassen med 7.18, berre 10 sekundar bak løyperekorden til Hans Inge. På ein god 3.plass kom Andreas Vågen.
|
MØLSTERBERGET OPP |
Bli med på Mølsterberget opp fredag 14.sept. Nordisk og friidrett ynskjer vel møtt til eit trimløp for alle. Start på Hagahaugen - mål ved Skjor (enden av skogsbilvegen frå Bavallen). Du kan starta mellom kl.15.30 og 18.00. Det er intervallstart - så her konkurrerer du først og fremst med deg sjølv. Påmelding innan torsdag 13.09 kl.15 (etterpåmelding er mogeleg). Meir info og påmelding på www.vossoppturar.no
VEL MØTT FREDAG 14.09 - PÅ HAGAHAUGEN
|
Me gratulerer friidrett med flotte resultat i UM |
Dei to lovande kastarane, Mariell Hetlesæter Morken og Troy Brandseth Norbakk gjorde ein strålande innsats i ungdomsmeisterskapen. 2 gullmedaljar, ein sølvmedalje og fleire topplasseringar vart resultatet etter 3 flotte dagar i Overhalla. Les meir på friidrettssida. | 
|
|
Dugnad i Bavallsbakken, tysdag 07.august |
Vert du med på dugnad i Bavallsbakken?
Bavallen hoppbakke er under vøling etter raset
2015 som øydelagde
heile tilløpet. Tirsdag
07.08 må me ha stordugnad med transport av nye
materialar . Me treng folk til på og avlessing -
av hengar . Me brukar
vinsj. Og nokre til å bera plank opp i farten.
Me startar kl 10.00 - møt på sletta i bakken. Ta
med hanskar - mat og
drikke. Det er arbeid for personar i alle aldrar. Meld
frå til
Bavallskomiteen - sms til 90419991 - om du kan
hjelpa oss.
Bavallskomiteen v/ Kåre
Flatlandsmo, Odd Rolland, Magne Sørestrand.
| 
|
|
Vertsfamilie for utvekslingselev? |
AFS som driv med internasjonal utveksling av elevar, er ute etter vertsfamiliar for elevar som driv med idrett/friidrett. Dersom du har lyst, eller veit om nokon som kan tenkja seg å vera vertsfamilie, så ta kontakt med:
AFS Norge Internasjonal Utveksling
| Adresse: |
|
17. mai - med heider til medlemer i Voss IL |
De vart delt ut heider til fleire medlemer i Voss IL under feiringa av dagen på idrettsplassen. Sjur Røthe (far tok imot) og Lars Erik Skjervheim vart tildelt Highlands-staupet for beste vinteridrettsutøvar, og Torgils Bryn fekk Edvard B. Hegboms heiderspris for innsatsen og arbeidet han har gjort for idretten på Voss.
Me gratulerer alle tre med velfortent heider.
|
STRÅLANDE NM-HELG |
STRÅLANDE NM-HELG FOR VOSS IL - BÅDE I LANGRENN OG I TERRENGLØP. Sjur Røthe vart NM-kongen 2018 med 2 gullmedaljar. Etter ei spennande avslutting av 5 mila, tok Sjur den andre gullmedalja på rad i NM. Me gratulerer med ein strålande konkurranse. Og Vebjørn Turtveit følgde opp med ein flott 8.plass. På Osterøy opna friidrettssesongen med NM i terrengløp. I gutar 16 sprang Daniel Dukstad inn til sølvmedalje, og Tore Akerlie følgde opp med ein god 8.plass i juniorklassen.
Me gratulerer alle fire med strålande resultat.
| 
|
| Daniel - sølvmedalje i G-16år
| Tore - nr 8 i juniorklassen |
Vebjørn med ei sterk 8.plass på 50km
|
Gratulerer med NM-gull |
NM-gull og ein fantastisk innsats av Sjur Røthe på 10km i NM. Etter ein trøblete sesong, og når me kanskje aller minst ventar det, set han resten av langrennseliten til veggs og toppar NM-karrieren med si første gullmedalje. Frå før har han to sølvmedaljar.
Me gratulerer med den flotte oppturen - etter at OL diverre glapp.
| 
|
|
Strålande innsats av Sjur og Vebjørn |
Sjur og Vebjørn var med og kjempa om medalje på lagsprinten i NM i Alta. Dei låg blant dei fremste gjennom alle etappane og fekk ein strålande 4.plass - om enn litt sur, sidan det berre var 0.3 sek fram til bronsemedalje. Me gratulerer og ynskjer lukke til vidare i meisterskapen.
| |
|
Flotte NM-resultat av alpinistane våre. |
Me gratulerer Marius og Vilde Brakestad og Anna Bryn Mørkeset med gode plasseringar i NM i Hafjell.
Marius vart nr 12 i storslalåm og slo til med 3. beste tid i andre omgang - berre fire hundredelar bak Henrik Kristoffersen.
NM for junior2 var lagt inn i rennet, og Vilde vart nr.4 i storslalåm og nr.6 i slalåm - totalt ein flott 10. og 11.plass.
Anna, som berre er 17 år, fekk flott 8.plass i super-G NM og ein fin 12.plass i storslalåm og ein 13.plass i kombinasjonen.
Ein flott sesong går mot slutten!
| Bilete frå det første FIS-rennet i år
|
|
Årsmøte i hovudlaget 22.03 |
Årsmøtet for laget vart halde på Fleischer´s hotell torsdag 22.mars. Dei som ikkje var på årsmøtet kan lesa årsmeldinga på heimesida. Sakspapira finn du i toppmenyen under Laget/årsmøte. Sparebanken sitt stipend vart i år tildelt Mari Fareth Aas, Fredrik Galaaen Røthe og Jakob Rongve Bryn. Dei fekk kr 4000 kvar. Far og mor tok i mot stipendet for Mari og Jakob.
Pokalen til beste kvinnelege utøvar gjekk i år til Anna Bryn Mørkeset. Anna var på Hafjell så mora fekk æra av å ta i mot pokalen.
I år hadde me ein sjølvskriven kandidat til dugnadspokalen. Det måtte bli Gunnvor Lindland Loven for arbeidet i symjegruppa - både for innsatsen med realiseringa av Vossabadet og for alle timane i symjehallen med symjeopplæring og som trenar i gruppa.
| Fredrik saman med to stolte foreldre for Mari og Jakob. | Mor tar i mot pokalen til Anna for beste kvinnelege utøvar.
| Ein fortent dugnadspokal til Gunnvor.
|
|
Flott resultat av Sjur Røthe i Holmenkollen |
Etter ein sesong med mykje motgang, smilte endeleg skilivet til Sjur Røthe. Med 4.plass på 50km viste Sjur at han enno høyrer til i verdseliten. Me gratulerer, og ser fram til mange nye spennande skirenn med Sjur i teten - slik me såg han i Holmenkollen. |  |
|
Flott NM start av Vebjørn Turtveit |
Vebjørn gjorde eit strålande løp på 15 km fri teknikk i NM på Vang. Etter ei heller roleg opning, gjekk han inn til ein flott 10.plass - og berre 15 sekund bak 5.plass. Neste distanse blir 30 km skibytte på laurdag.
| 
| 
|
|
God jol og godt nytt år |
 | Hovudstyret takkar medlemer, sponsorar og alle støttespelarar for eit godt idrettsår for laget.
Me ynskjer alle ei god og aktivitetsrik joletid og eit godt nytt år. |  |
|

| Symjegruppa i mål med innsamlingsaksjonen til Vossabadet
Då er 13,5 millionar overført til Voss kommune - som lova. Me gratulerer innsamlingsnemnda med ein strålande jobb.
|
|
Idrettsglede i idrettshallen |
 | Turnleik og dans - trampett og tumbling 190 turnarar, saman med dyktige instruktørar, gjorde den tradisjonelle jolaframsyninga til turngruppa til ein triveleg ettermiddag.
Over 400 tilskodarar fekk sjå gymleik med 4 åringar til trampett og tumbling med dei frå 12 år og oppver. Me takkar turnguppa for to triveleg timar i idrettshallen. Her fekk me oppleva både idrettsglede og teknikk.
|
|
Områdereguleringsplan Bømoen |
Det har
kome mange innspel på Facebook og på epost om Voss IL sin uttale til områdereguleringsplan
for Bømoen. Mange av dei tyder på at ein ikkje har lese uttalen vår, og langt
mindre planutkastet til reguleringsplan som ligg til grunn for uttalen.
Me vil kort
få presisera følgjande: Styret har jobba
grundig med Bømoen - frå mogelegheitsstudien og gjennom heile fasen med
konsekvensutgreiinga. I denne lange prosessen har det ikkje kome noko signal
frå kommunen om at bustadutbygging ikkje er ønskjeleg. I september 2017 gjorde så
kommunestyret vedtak om at det ikkje prioriterer utbygging, men har ikkje sagt
at utbygging er uaktuelt. Dette er bakteppet for uttalen vår.
Laget
sine interesser på Bømoen er Bømoløypa
og orienteringssporten. Bømoløypa vil bli ivaretatt med dei avbøtande tiltaka
som er skissert i planen. Når det gjeld o-sporten, skriv me at «utbygging vil fort forringa Bømoen som eit
godt eigna terreng for orientering». Dette burde vera eit tydeleg standpunkt.
Sekundært har me så forståing for at kommunestyret, utifrå vedtak til no, kan opna for ei viss utbygging. Derfor presiserer me korleis ei eventuell
utbygging må avgrensast for å ivareta laget sine interesser i størst mogeleg grad.
Me meiner me har skrive ein grundig og sakleg
uttale utifrå våre interesser på Bømoen. Elles har me full forståing for at andre
kan ha eit anna syn, men skulle ynskja at alle i respekt for ei sakleg meiningsutveksling
også les og set seg inn i dei dokumenta som ligg til grunn for saka. (Uttalen finn du i fana Laget/styremøte)
|
Stem på "klubben i mitt hjarta" |

| BLI MED OG STEM PÅ VOSS IL
Laurdag 11. november startar årets "Klubben i mitt hjarta kampanje". Her er fleire vinnarsjansar. Til dømes er laget med på trekking av dagspremiar på kr 10.000 dersom me klarer å samla 50 stemmer i løpet av eitt døgn. Les meir om kampanjen og stem her: www.klubbenimitthjerte.no Kampanjen varer fram til 24.11.
|
|
BASISTRENING ER I GANG |
Me vart på seminaret i haust med Toppidrett Vest sterkt oppmoda om å starta opp med basistrening. Og med Dag Sandvik som dyktig og inspirerande trenar, er me no i gang i idrettshallen kvar tysdag kl.17.30 -19.00. Dette er eit tilbod til alle i laget frå 13 år og eldre. Me har alt hatt to treningar og skal halda på fram til jol. Så har du lyst til å vera med på ei viktig og kjekk trening, er du hjarteleg velkomen i idrettshallen.
Ca 20 utøvarar i gang med oppvarming |
Her er det magen som får trening
|
|
Flotte resultat i Framoleikane |
Utøvarane frå Voss IL stod for mange gode resultat i Framoleikane i helga. I alt vart det seks 1.plassar og elles mange fine plasseringar. Daniel Dukstad, 15 år, vann 1500m suverent på 4,21,56 - 989 poeng etter Tyrvingtabellen. Mariell H Morken, 14 år, vann bl.a. slegge med 36,87 som gjev heile 1034 poeng. Alle resultata finn de på sida til friidrett. |  | 
|
|
Takk for ein strålande 17.mai |

| Me takkar alle medlemene som var med og gjorde17. mai til ein festdag Først og fremst 17. mai-komitéen som la alt til rette for at me skulle lukkast så godt med arrangementet, men ikkje minst alle de som selde is, bar på bord og stolar, pynta, organiserte ei flott feiring på idrettsplassen osv. Oppgåvene var mange og innsatsen dykkar var gull verdt.
Prisar vart det og på laget - bl.a. Highland-staupet til Sjur og Lars Erik. Me gratulerer.
|
|
Voss IL arrangerer 17. mai |
 | I år er det Voss IL sin tur til å arrangera 17. mai på Vangen.. Komitéen har jobba godt med førebuinga, og no vonar me på velvilje frå medlemene til ein stor dugnadsinnsats på sjølve dagen.
Me vonar og at mange av medlemene - me er i dag vel 950 - stiller opp i folketoget. Toget startar kl. 14.00.
Laget har i dag 9 ulike grupper. Kjekt om litt av aktiviteten i gruppene viser att i toget. |
|
Nye NM-medaljar til Voss IL |
Utøvarar frå Voss IL har oppnådd mange strålande resultat den siste veka. Sist helg med Anna Bryn Mørkeset i alpint, og denne helga vart det sølv til Daniel Dukstad i NM i terrengløp, kl.15 år, og Jakob Rongve Bryn fekk ein like strålande 3.plass i kl.16 år. Og elles gjorde Tore Akerlie eit flott løp i juniorklassen med 7.plass. Me gratulerer dei alle. Her er Daniel og Jakob på pallen
|
Årsmøtet 23.03.2017 |
Årsmøtet vart helde på Fleischer´s hotel torsdag 23.03.
Alle i hovudstyret vart attvalde Årsmeldinga finn de her på heimesida.
På biletet ser de frå venstre Vilde Brakestad som fekk pokalen for beste kvinnelege utøvar, Marius Brakestad, alpint og Olve Ure langrenn som begge fekk stipend saman med Anna Bryn Mørkeset som var på Hovudlandsrennet (mor tok imot stipendet for Anna)
Sjur Røthe fekk pokalen for beste mannlege utøvar. Dugnadspokalen vart tildelt Arve Søgaard for stor innsats i alpingruppa. Harald Tveito fekk heidersmedalja for arbeidet han har lagt ned for laget.
| 
| Jorunn Lødemel la fram valnemnda sitt framlegg
| Litt av årsmøtet
|
|
Lars Erik Skjervheim norsk meister |
Me gratulerer Lars Erik som norsk meister i Randonee i Stryn i helga.
Les meir på Facebook.
|  |
|
Årsmøte i Voss IL |
Styret ynskjer vel møtt til årsmøte i hovudlaget torsdag 23.03. kl. 19.30 på Fleischers hotel. Saksdokumenta finn du under arkfana Laget/årsmøte.
|
Telenorleikane i Bavallen 30.03-02.04 |
DUGNADSHJELP Alpingruppa arrangerer Telenorleikane U14, nasjonalt meisterskap frå torsdag 30.03 til sundag 02.04. Me vonar du har høve til å gjera ein dugnadsinnsats desse dagane, og kanskje du kjenner nokon som vil vera med. Les og på Facebooksida til Voss IL. Det trengst og litt arenahjelp den 25-26.03.
|
Flott innsats i Statoil NC-junior |
 |  | Voss IL hadde fleire deltakarar med gode resultat i Statoil NC-junior i Herresåsen i helga.
Olve Ure,17 år,(venstre bilete) fekk ein flott 13.plass på 10km og Erling Fagerbakke Fosse, som gjorde det så godt på NM-stafetten, fekk ein like god 14.plass på 15km i 19/20 år. Me gratulerer begge to! |
|
Sjur med sterk 4.plass i Tour de Ski |
Me gratulerer Sjur med ein flott 2.etappe i Tour de Ski. Med 4.plass er han no for fullt med i kampen om topplasseringane samanlagt. Det vert ei spanande veke framfor TV-skjermen.
|
Idrettstilbod til alle frå 15-19år |
Dersom du vil vera med på - Basistrening og styrketrening
- Ulike ballspel og varierte aktivitetar
Ja, då er du velkomen i idrettshallen tysdagar kl.17.30-19.00. Første gong 10.januar.
Saman med dei dyktige instruktørane, Ulrikke og Jens, frå Voss Folkehøgskule kan me lova god, variert og morosam trening. Gratis for medlemer i Voss IL. Andre betalar kr 200 for alle treningane fram til våren.
|
Jolaturn sundag 11.desember |
Turngruppa inviterer til den tradisjonelle jolaturnframsyninga.
I idrettshallen sundag 11.desember kl. 17.00.
Alle er hjarteleg velkomne. Gratis under 16 år.
| 
|
|
Dagleg leiar Vossabadet |
Vossabadet er under bygging og er planlagt ferdig 28.8.2017. Drifta av Vossabadet er organisert som eit kommunalt føretak "Vossabadet KF". Det skal tilsetjast dagleg leiar og teknisk driftsleiar for badet i god tid før opning for å følgje oppbygginga av badet og planleggje oppstart.
Kanskje du veit om nokon du meiner burde søka på stillinga? I så fall er det enno tid for å søka. Søknadsfristen er den 1.12.16. Utlysinga finn du her: https://rekruttering.voss.kommune.no/recruitmentVK/opening?3
|
Lars Erik på 12.plass i VM terrengultra |

| Etter 85 km og 5 fjelltoppar med ein høgdeskilnad på 5000m, sprang Lars Erik Skjervheim seg inn til ein imponerande 12.plass med tida 9t 11min i verdsmeisterskapen i terrengultra i Portugal. Dei 2 første timane av løpet låg han blant dei 20-25 beste, men så byrja han saman med Torbjørn Ludvigsen å avansera i feltet, og etter 5t var dei på 14.plass. Lars Erik heldt tempoet heilt til mål, medan forseringa nok hadde blitt for hard for Torbjørn som til slutt enda sist av dei fire norske løparane.
I lagkonkurransen fekk Norge ein flott 4.plass, fattige 6 min bak Tyskland på bronse.
|
|
Lars Erik Skjervheim til VM i terrengultra |
Til helga deltar Lars Erik i verdsmeisterskapen i terrengultra-løp i Portugal. Han stiller på eit sterkt norsk landslag. Les meir på Facebooksida.
|
BREIDDEIDRETT -eit tilbod til alle frå 15-19år |
Dersom du vil vera med på basis-/styrketrening, prøva ulike aktivitetar og sjølvsagt ha det morosamt på trening - ja, då vert du med på ungdomsskulen tysdagar frå kl. 17.30-19.00. Første gong 25.oktober.
|
Hangurslia opp |
Hangurslia opp er eit av dei eldste bakkeløpa og vart i år arrangert for 22.gong med ny løyperekord av Espen Roll Karlsen frå Gneist. Men elles var det mange gode resultat av lokale løparar. På Facebooksida finn de omtale og bilete. Resultalista ligg på www.vossoppturar.no. På biletet ser du dei beste gutane i Oppturcupen 2016.
|
Mølsterberget opp |
Mølsterberget opp vart arrangert under flotte forhold og deltakinga var jamt bra. Emma Hanstveit frå Mjødalen vart raskaste kvinne på 8.33, og i klassen for menn vann Hans Inge Klette med tida 7.08, 2 sekundar føre Erling Hisdal frå Tjalve. Raskaste bedrift vart Voss Gymnas, og i konkurransen om bedrifta med flest deltakarar var Voss ungdomsskule suverene med 29 deltakarar. Resultata finn du her
|
Bli med på trimløpet - Nye Mølsterberget opp |
Nordisk og friidrett arrangerer trimløpet Mølsterberget opp fredag 16.september. I år er det start frå Hagahaugen og løypa går til Skjor - i enden av skogsbilvegen. Det er intervallstsart, og du kan starta mellom kl.15.30 og 18.00. Påmelding innan 14.09 her
|
Hestesportgruppe |

| Me ynskjer den nye hestesportgruppa velkomen i laget. Gruppa har aktivitetane sine på Fjose gard. Både nye og røynde ryttarar i alle aldrar er velkomne. På Fjose gard kan ein og melda seg på ridekurs. De vil snart finna meir info på gruppesida. Her finn de og kven de kan kontakta. Og elles har gruppa ei eige Facebookside (Voss IL Hestesport)
|
|
Regionale ungdomsleikar med gode vossaresultat |
Mariell Hetlesæther Morken og Troy Brandseth Norbakk deltok i helga på Hordaland sitt lag som vann lagkampen i dei regionale ungdomsleikane føre Rogaland, Agder og Sogn og Fjordane. Både Mariell og Troy fekk fleire gode resultat. Les meir på friidrettssida.
|
Flott resultat av Mariell i Gøteborg |
Me gratulerer Mariell Morken med eit kjempeflott resultat i verdsungdomsspelen i Gøteborg. Med 2. plass i klasse 13 år og 13.04 i kule, betra ho persen sin med over ein halv meter.
|
Uhøgtidleg 5-kamp før du tar sommarferie? |
Bli med på ein uhøgtidleg femkamp før du tar sommarferie. På idrettsplassen fredag 1.juli kl. 16.00. Alle er velkomne til å bli med - frå 10-16 år. Øvingar 60m, 200/800 (valfritt), lengde, kule, liten ball/spyd.
|
Mariell og Jakob i landseliten i friidrett |
Mariell Hætlesæter Morken vann både kule og diskos i Framoleikane i helga og toppar no årsstatistikken i landet i sin klasse i begge øvingane. Jakob Rongve Bryn sprang seg rett inn i landseliten blant 15 åringar ved å vinna 3000m m og bli nr 2 på 1500m. Me gratulerer! Det var fleire vossingar med og med gode prestasjon. Resultata finn du her.
|
Gode resultat i Vik og i Stalheimskleiva i helga |
I helga vart den tradisjonelle Vikastafetten arrangert. Jentelaget gjekk til topps - i år som i fjor. I Stalheimskleiva opp var Lars Erik Skjervheim berre 6 sekund frå løyperekorden til Jon Tvedt. Les meir på friidrettssida.
|
17.mai - Folketoget |
 Me ynskjer medlemene våre ei strålande 17. mai-feiring og vonar at mange har høve til å gå under laget si fane i Folketoget. Oppstilling på Idrettsplassen. Vel møtt!
|
Vossameisterskapen i terrengløp |
Vart arrangert onsdag 4.mai Prestegardsmoen. Sjå bileta frå løpet på Facebooksida vår. Her er medaljevinnarane i G-15år. Resultat på friidrettssida.
|
Lagsmeisterskap og sesongavslutning i nordisk |
Tysdag kveld hadde nordisk sitt lagsmeisterskap og sesongavslutning Voss Ski og Tursenter. Sjur Røthe og Thomas Fenne stilte opp og gjekk mot dei yngre løparane i ei skicross-løype.
Etter skicrossen var det samkome i arenahuset der det var mat og drikke, loddsal og premiering. Sjur vart her tildelt pokalen frå leiar Tore Tvilde som beviser at han for 11. gong på rad er Voss IL sin beste mannlege utøvar
|
Norsk Radonvern AS |
 Du kan no støtta laget ved å gjennomføra ei radonmåling gjennom Norsk Radonvern. Når du måler for radon, vil laget motta 200 kroner! Du finn info i lenka "Norsk Radonvern" i høgremargen. ![]()
|
 | ELDSJEL MED STORE BOKSTAVAR
Trond Håvard Bjørnstad vart i 2015 tildelt Voss sparebank sin "Eldsjelpris" for det store arbeidet han gjer og har gjort for idretten i fleire tiår. Prisen var på kr 50.000 der halvparten går til laget og resten til prisvinnaren. På årsmøtet kan Trond Håvard overraskande fortelja - sjølv om han nok har ei lang liste med idrettsutstyr som hadde vore kjekt å ha - at han ynskjer også hans del skal gå til idretten. Kr 5000 gjev han til Rosethytta - til aktivitetstilbod som kan stimulera til bruk av hytta blant medlemene. Og kr 20000 går til ulike aktivitetar i symjegruppa - frå tilbod til våre "nye landsmenn" til dei som verkeleg vil satsa på konkurranse.
Laget takkar Trond Håvard for det brennande engasjementet han har for idretten sin verdi i samfunnet.
|
|
Utdeling av heider, ære og stipend på årsmøtet den 30.03
 | Jorunn Lødemel fekk laget sitt heidersmerke på årsmøtet. Jorunn har vore sentral i laget, og ikkje minst i alpin- arrangement, frå tidleg på åttitalet. Av dei større verva hennar er leiar i Skigruppa (1985), nestleiar i hovudkomiteen for VM-junior alpint (1995), styreleiar i aksjeselskapet Ski-NM 2012, og i heile seks år, frå 2009-2015 var ho leiar i Voss IL.
|  | Stig Gunnar Røthe vart tildelt dugnadspokalen. For nordisk er han ein stor ressursperson. Han har dei siste åra vore ein drivande organisator for Vossalangrenn, og elles tar han på seg trenaroppgåver og gjer no ein stor jobb som ansvarleg for tidtaking på renna. |
|  | Vilde Brakestad fekk for andre året pokalen for beste kvinnelege utøvar. Vilde var på renn(NM) så mor tok i mot pokalen.
Pokalen til beste mannlege utøvar gjekk sjølvsagt til Sjur Røthe - for 11.gong! Han får pokalen den 11.april i samband med lagmeisterskapen | Voss sparebank er laget sin hovudsponsor - og dei gjev stipend til unge utøvarar over 15 år. på totalt kr 12000. Hovudstyret tildeler. I år var det 3 utøvarar som fekk kr 4000 kvar. Stipenda vart tildelt Tore Akerlie og Olav Jansen - begge lovande og framgangsrike langrennsløparar, og Vilde Brakestad (mor tok i mot) som no er blant dei beste i landet i sin klasse i alpint. Me gratulerer dei alle med flott innsats og gode resultat. |
|
Årsmøte onsdag 30.03 på Fleischers |
Årsmøtesakene er lagt ut. De finn dei i menyen under Laget/årsmøte. Vel møtt på Fleischers onsdag 30.03 kl.19.30.
|
Strålande resultat av Marius Brakestad |
Marius, 16 år, gjekk til topps i slalåm i Hovudlandsrennet på Bjorli. Me gratulerer med eit strålande resultat.
|
Vossabadet - snart i mål? |
Så har me fått eit vinnarutkast, og då er det berre å håpa at kommunestyret seier eit rungande ja til byggjestart av Vossabadet i august. Ein takk til alle i laget som har stått på for å få badet realisert.
|
Tidleg krøkast den som..... |
Vestlandske skistemne vart arrangert i helga under fine forhold og med god deltaking. Alle såg ut til å kosa seg, og innsatsen var som biletet syner like stor uansett alder. Resultata kan du lesa her.
Neste helg (13.mars) går den tradisjonelle Ørnarstafetten i Myrkdalen. Ta turen - bli med i løypa eller som heiagjeng.
|
Temakveld på Fleischers tysdag 1.mars |
Me ynskjer alle vel møtt til temakveld på Fleischer´s hotel tysdag 1.mars kl. 18.30- 20.30.
Geir
Bangstad, tidlegare topptrenar i basketball, men no først og fremst motivator
og kompetanseutviklar vil blant anna snakka om: grunnleggjande
verdiar i det å driva idrett om
kva som er viktig for å utvikla god klubbkultur - kompetanse, engasjement,
miljø, motivasjon m.m. om
samspelet mellom klubb og foreldre

|
Flott innsats av Mari Fareth Aas |
Hovudlandsrennet vert denne helga arrangert i Fauske med god vossadeltaking. Mari Fareth Aas, jenter 15, fekk på fredag ein flott 8.plass på 5km klassisk. Resultata i dei ulike klassane kan de lesa her.
|
Randonekongen, Lars Erik, tok sitt 3.NM-gull |
Lars Erik Skjervheim tok sitt 3.NM-gull i randone i helga. Ein time og 18 min brukte han på å bestiga 1400 høgdemeter og tre fjelltoppar og nå attende som førstemann til mål. Med andre ord ein topptur i ekspressfart. Men i år måtte eg verkeleg bita tenna saman og kjempa, seier ein sigersvan og veldig fornøgd Lars Erik til BT. Me gratulerer!
|
BETALING AV MEDLEMSKONTINGENT |
Det er no sendt ut melding på epost om betaling av medlemskontingent. Me vonar du framleis vil vera medlem i laget, og ber deg betala kontingenten så fort som mogeleg. Du betaler online på minidrett.nif.no. I eposten ligg det og ved ein faktura på ei pdf-fil med kid.nr. Denne kan du eventuelt bruka.
DERSOM DU IKKJE HAR BRUKT "MINIDRETT" FØR ELLER HAR GLØYMT BRUKARNAMN/PASSORD, FINN DU HJELP PÅ SIDA INFO (sjå toppmenyen).
|
BÅDE SJUR OG VEBJØRN MED I WORLD CUP |
 Både Sjur og Vebjørn er uttekne til World cup 4.-7.02. Etter den flotte innsatsen i NM har Sjur fått med seg Vebjørn Turtveit til World Cup og Holmenkollen Skifestival. Me gratulerer og ser fram til spennande dagar i Holmenkollen.
|
FLOTT INNSATS I TOUR DE SKI
Gratulerer Sjur med ein sterk sisteetappe i Tour de Ski og ein flott 6.plass samanlagt.
|
Fakkelturneseminar - OL-elden til Voss 12.-21.februar vert Ungdoms-OL arrangert på Lillehammer. Og måndag 25.01 kjem OL-elden til Voss. I den samanheng skal det vera eit opent og gratis seminar på kveldstid med gode føredragshaldarar som Kjetil Andre Aamodt og Marco Elsafadi. Arrangementet er i Voss Kulturhus kl 18-21.
Alle kan møta. Påmelding via nettsida til idrettskretsen er open fram til måndag.
|
Flott innsats av Karoline i Finland Karoline Simpson-Larsen som vart uttatt til å representera Norge i nordisk meisterskap i terrengløp i Finland, gjorde ein flott innsats. I konkurranse med løparar som var 2 år eldre sprang ho inn til ein 11.plass i den 4.5 km lange løypa. Me gratulerer.
|
ROSETHYTTA - OPEN DAG 13.09  Ta turen til Rosethytta sundag 13.09. Etter fleire år med rehabilitering ynskjer hyttestyret vel møtt til gjenopning av hytta sundag 13.09 kl. 13.00. Det vert forteljing om historia til hytta og snorklypping. Elles vert det natursti frå saga og opp og ymse aktivitetar ved hytta. Sal av mat og drikke. Kjekt om mange tar turen opp til "gjenopninga".
|
SPORT OG MOROEIT TILBOD TIL ALLE FRÅ 15-19 ÅR
• Dersom du vil ha det morosamt på trening • Dersom du vil vera med på artig styrketrening • Dersom du vil prøva ulike aktivitetar
Ja, då vert du med i Idrettshallen tysdagar kl. 18.00-19.30 Første gong tysdag 12. januar.
|
Eldsjelprisen 2015Trond Håvard Bjørnstad, Voss IL, fekk den velfortente prisen av Voss Sparebank:
13.12.2015
|
Sterk opning av sesongenSjur Røthe vann 15 km på Beitostølen:
|
NY LAGSDRAKT TIL JOL?OVERTREKKSDRAKT I veke 44 og 45 kan du bestilla ny overtrekksdrakt i laget sine fargar. Du får no både jakke, bukse og tights til sterkt redusert pris. Me har prøvemodellar i ulike storleikar på lagsrommet. Under lenka "Info" i menyen over finn du informasjon om prisar og tidspunkt for når draktene kan prøvast og bestillast. Info blir og lagt ut på gruppesidene. Prøve/bestilling på lagsrommet i Idrottshuset: Torsdag 29.10: Kl 18.00-19.30 Fredag 30.10 : KL 17.00-18.00 Måndag 2.11 : Kl 17.00-19.00 Tysdag 3.11 : Kl 18.00-19.30 Torsdag 5.11 : kl 17.30-18.30
|
GJENOPNING AV ROSETHYTTA
Etter snart 4år med arbeid og mange dugnadstimar kunne hyttestyret med Arne Hauso i spissen sundag 13.09 invitera til gjenopning av hytta. Trass i ein regnfull sundag hadde mange tatt turen for å vera med på opninga. A.Lydvo fortalde om historia til hytta - ei historie som strekkjer seg heilt attende til 1921. Han fortalde om kor viktig hytta var, både for arrangement av skirenn og som eit sosialt samlingspunkt for laget fram til godt utpå sekstitalet. Men med den kjempejobben som hyttestyret no har gjort, vil me tru at både gruppene i laget og medlemene elles på nytt vil ta ho i bruk - både til dagsturar og overnatting. Det vart servert kaffi, lappar og kaker, og hovudstyret og friidrettsgruppa kvitterte med ei gåve på kr. 15.000 kvar til hytta. Arne Hauso fortalde om arbeidet frå dei starta med å leggja nytt tak. Det vart sagt frå styret at Arne har brukt rundt 500 dugnadstimar på hytta - ikkje så rart då att han fekk evig, gratis tilgang til hytta. Og til slutt vart hytta "offisielt" opna med snorklipping av Jorunn.
Så då ligg alt til rette for å ta hytta i bruk. Hyttestyret vil koma med info om om prisar (det vert rimeleg for medlemer) og tilgang til nøkkel. Sjå mange bilete frå opninga på Voss Now.
|
LeiarskiftePå styremøtet 25. august tok Tore Tvilde over som leiar i Voss IL. Eg takkar for meg etter 6 år med mange utfordrande oppgåver i Voss IL og eit godt samarbeid med tillitsvalde i laget som legg ned eit enormt arbeid for idretten.
Eg ynskjer Tore lukke til!
27.08.15 JL
|
Styremøte i Voss ILFørste styremøtet med gruppeleiarane er 25. august. Tore Tvilde overtek då som leiar.
10.08.15 JL
|
Styremøte i hovudlaget (AU) 9. juniStyremøte i Idrettshuset kl 1930. Innkalling gjeld styremedlemmene, ikkje gruppeleiarane.
4.06.15 JL
|
Ny styreleiar i Voss ski- og tursenter ASSveinung Dukstad, Voss IL tek over som styreleiar i Voss ski- og tursenter AS. Olav Farestveit fekk gode ord, bilete og blomar som takk for 10 år som styreleiar.
2.06.15 JL
|
Mølsterberget oppBli med på trimløpet Mølsterberget opp 18. september kl 1600 -1800.
2.06.215 JL
|
Flott innsats i VikastafeetnJentene vann ein suveren siger i Vikastafetten. Sjå friidrettssida.
|
Styremøte 7. mai i hovudlagetNy dato for styremøte i hovudlaget er 7. mai.
24.04.15 JL
|
Tore Tvilde ny leiar i Voss ILTore Tvilde vart vald til ny leiar i Voss Idrottslag på årsmøtet 14. april. Han tek over 20. august etter Jorunn Lødemel som har hatt vervet i 6 år. Torgils Bryn held fram som nestleiar og Turid Måge og Gro Prestegard Gjeraker vart valde inn i styret etter Marianne Bakketun og Gro Almeland Sævig.
Det var godt frammøte på årsmøtet, som vart halde på Fleischer`s Hotel. Vilde Brakestad fekk Vekselbanken sin vandrepokal for den beste kvinnelege idrettsprestasjonen i 2014 og Helge Finne fekk dugnadspokalen. Sjur Røthe fekk på samling i Voss ski-og tursenter kvelden før Sylvsmidjapokalen for beste mannlege idrettsprestasjon i 2014 for 10. året på rad.
Bjarte Eide, Ida Bryn Mørkeset og Ellen Johanne Astrup Sjøtun fekk stipend på kr 4 000,- kvar. Stipenda er ein del av sponsoravtalen laget har med Voss Sparebank.
Av årsmeldinga går det fram at aktiviteten er stor i dei 8 gruppene i laget. Ved årsskiftet var det registrert 1100 medlemmer i Voss IL. Viktige saker på anleggssida i 2014 var innsamling til Vossabadet og vidareføring av Bømoløypa. Vedlikehald og oppussing av Rosethytta er sluttført.
Årsmøte vedtok å slå saman Voss friidrettslag og Voss IL, friidrettsgruppa. Midlar og utstyr vert overført til friidrettsgruppa.
Årsmeldinga oppsummerte med følgjande: Samla har året 2014 vore eit svært positive år for Voss IL. Medlemstalet er stabilt, laget har lukkast i å satse på topp og breidde og har ein verdifull ressurs i dyktige tillitsvalde og iherdige dugnadsfolk.
Til slutt på årsmøtet heldt Nils Helge Kvamme eit interessant fordrag om kva plass idretten har i dei kommunale planane på Voss.
16.04.15
|
Årsmøtet i Voss IL tysdag 14. aprilEg minner om årsmøtet 1930 på Fleischers Hotel. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det enkel servering og folkehelsekoordinator Nils Helge Kvamme vil snakke om kva plass idretten har i kommmunale planar på Voss.
12.04.15 JL
|
Ekstraordinært årsmøte i O-gruppaTysdag 7. april kl 1930 i Idrettshuset:
Sak: Val av leiar og ein styremedlem.
20.03.15 JL
|
Ny møtestad for årsmøtet i IdrettsskulenIdrettsskulen har årsmøte torsdag 19. mars kl 1715 i Kongehytta i Voss ski- og tursenter.
18.03.15 JL
|
Sjur med siger på 5-mila i kollenVi ynskjer Sjur til lukke med gull i Kollen på den prestisjetunge 5-mila! Voss IL er stolte over å ha Sjur i laget.
Frå avisa Hordaland: http://www.avisa-hordaland.no/rthe-triumferte-i-holmenkollen Frå BT: Frå VG:
15.03.15 JL
|
Årsmøte 2015Sjå tidspunkt for årsmøte i gruppene HER
|
Medlemskontingent for 2015Voss IL har i dag sendt ut krav om medlemskontingent for 2015 på kr 200 for barn/ungdom og 300 for vaksne. Medlemmer med e-postadresser får kravet på Min idrett med varsel på e-post. Andre medlemmer får faktura i posten/eller utlevert. Har du problem med å logge deg inn på Min idrett, ring 03615 så får du rettleiing.
Når du har betalt, kan du ta ut medlemskort på Min idrett.
10.02.15 JL
|
Sølv i Ungdoms-OL til Vilde BrakestadHilde Brakestad, Voss IL tok sølv i mixed team i Ungdoms-OL. Voss IL gratulerer!
31.01.15 JL
|
NM på RørosVoss IL gratulerer Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit med gode plasseringar, Sjur på bronseplass og Vebjørn på 11. plass.
Vi heiar på stafettlaget frå Voss IL!
29.01.15 JL
|
Vil du bli medlem i Voss IL?Logg deg inn på Min idrett (sjå høgremenyen). Der kan du melde deg inn.
Du som allereie er medlem, kan sjå kva opplysningar som er registrerte på deg og eventuelt endre dei. Du kan melde deg på arrangement og betale online. Ta Min idrett i bruk.
27.01.15 JL
|
Styremøte i hovudlagetHovudlaget har styremøte i Idrottshuset onsdag 21. januar kl. 1930
20.01.15 JL
|
God jul og godt nytt årTakk til utøvarar, trenarar og tillitsvalde for godt arbeid og gode resultat i 2014. Styret i Voss IL ynskjer god jul og godt nytt år.
23.12.14 JL
|
Ta turen til HerresåsenFrå avisa Hordaland:
Hugs at du som medlem i Voss IL får rabatt på parkeringskortet.
God tur!
19.12.14 JL
|
Momskompensasjon for 2013 Julegåve til idrettslag, skriv NIF:
Voss IL fekk kr 128 675,- i moms for rekneskapsåret 2013.
10.12.14 JL
|
Superløp av Sjur RøtheVoss IL gratulerer Sjur med to fantastiske 3. plassar i WC på Lillehammer!
7.012.14 JL
|
Årets namnVoss IL heiar på Vossabadet så klart.
07.12.14 JL
|
15. plass for Sjur i finske KuusamoLes kva avisa Hordaland skriv:
1.12.14 JL
|
5. plass for Vebjørn i Tour de GålåLes kva lokalavisa vår skriv:
1.12.14 JL
|
PolitiattestDet er krav om politiattest for tilsette og frivillege som skal utføre oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Her finn du meir informasjon om ordninga: www.idrett.no/tema/politiattest/
Ansvarleg for politiattestar i Voss IL:
12.11.14 JL
|
Røkkepengar til Voss ILSjå her kva avisa Hordaland skriv:
20.10.14
|
Takk til bøsseberaraneTakk til bøsseberarane frå Voss IL som gjorde ein god jobb i går for å samle pengar til vatn medan regnet pøsa ned! Innbyggjarane i Gullfjordungen var rause og tok vel mot oss.
20.10.14 JL
|
TV-aksjonen 2014Sundag 19. oktober har Voss IL bøsseberarar i Gullfjordungen i lag med Grendalaget. Vi startar kl 1500 så hald pengane klare til vi bankar på døra. Pengane går til Kirkens nødhjelp og til aksjonen "Vatn forandrar alt". Vil du vere bøsseberar, møt på Gullfjordungen skule kl 1500.
18.10.14 JL
|
Vossabadet Kommunestyret vedtok i dag samrøystes å byggje badeanlegget og var og samnde om korleis det skal finansierast. Voss IL takkar alle som har stått på for å få dette til!
Så langt er 12,5 mill på plass, men vi har 15 mill som mål. Det er berre å gå inn på www.vossabadet.no
18.09.14 JL
|
Mølsterberget oppFredag 19.september arrangerer friidrett og nordisk trimløpet Mølsterberget opp. Du kan melda deg på heilt fram til start. Info og påmelding på www.vossoppturar.no
|
Vossabadet - siste sjanse?18. september skal kommunestyret avgjere om Vossabadet skal byggjast. Voss IL har samla inn 12,4 mill av 15 mill som er målet. Du har enno sjanse til å støtte, så gå inn på www.vossabadet.no eller ta kontakt på jorlod@broadpark.no
14.09.14 JL
|
Styremøte i hovudlaget 13. septemberMøte i Idrottshuset kl 1930 i kveld.
3.09.14 JL
|
Ny leiar i nordiskHelge Finne er valt til ny leiar etter Knut Eikefjord på ekstraordinært årsmøte i nordisk gruppe.
30.07.14 JL
|
Min idrettGjer deg kjend med Min idrett. Alle som er registrerte i Voss IL, kan gå inn på Min idrett (sjå pålogging på denne sida)Her finn du dei opplysningane som er lagra om deg i KlubbAdmin (medlemsregisteret). Du kan ajourføre opplysningane, og fører du inn e-postadressa, lettar du arbeidet til medlemsansvarlege i gruppa.
Takk for hjelpa!
4.06.14 JL
|
Medlemskontingent for 2014Vi har sendt ut krav om medlemskontingenten for Voss IL for 2014. Vaksne kr 300,-, born/ungdom kr 200. Mange har fått faktura tilsendt på e-post og kan betale online på Min idrett. Når du har betalt i Min idrett, kan du skrive ut medlemskort. Dei som har fått papirfaktura, betaler som vanleg i nettbank eller bank.
Ver god å betale både aktive og støttemedlemmer. Purring tek tid og kostar pengar!
4.06.14 JL
|
17. mai og FolketogetVi oppmodar alle medlemmene våre, unge og eldre, om å stille opp i folketoget under fana til Voss IL - gjerne i bunad eller lagsdrakta.
Oppmøte kl 1345 på Idrettsplassen.
14.05.14 JL
|
Medlemskontingent 2014Medlemmer med oppgitt e-postadresse har fått faktura i Min idrett. Dersom du ikkje vil bruke online-betaling via Buypass, så ta ut utskrift av fakturaen og betal via nettbank/bank. Hugs å bruke KID-nummer.
JL 8.05.14
|
StipendPå årsmøtet vart det delt ut 3 stipend a 4 000,- som er ein del av sponsormidlane frå Voss Sparebank. Dei tre heldige var: Hildegunn Heggøy, Erling Sjøtun og Sjur Tveito.
Pokalen til beste mannlege idrettsutøvar i 2013 vart for 9. gong tildelt Sjur Røthe. Pokalen til beste kvinnelege idrettsutøvar i 2013 gjekk til Anna Haugo Bryn. Dugnadspokalen vart tildelt Ingrid Turtveit.
I styret held Jorunn Lødemel fram som leiar, Torgils Bryn som nestleiar, Gro Almeland Sævig som kasserar, Marianne Bakketun som skrivar og Marta Loven som ungdomsrepresentant. Steinar Røthe er ny vararepresentant i styret.
Av årsmeldinga gjekk det fram at 2013 var eit godt år for laget med gode resultat både i topp og breidde, god økonomi og aukande medlemstal.
Leiar i symjegruppa, Gunnvor Loven, orienterte til slutt om innsamlingsaksjonen til Vossabadet.
JL 6.05.14
Hildegunn Heggøy og Sjur Tveito fekk stipend.
|
StipendFrå høgre: Mor Randi som tok mot for Sjur Røthe, Ingrid Turtveit, Anna Haugo Bryn og Jorunn Lødemel.
|
StipendMor Ellen tok mot stipendet for Erling.
|
GratulasjonarVi helsar alle konfirmantane og deira familiar.
Til lukke med dagen!
Helsing Voss IL
3.04.14 JL
|
Medlemskontingent 2014Krav om medlemskontingent er no sendt ut til alle som er registrerte med e-postadresser. Du får varsel på e-post og må gå til Min idrett for å betale. Der må du registrere deg i Buypass for å betale online.
Faktura på papir vert levert seinare til dei som ikkje har e-postadresse registrert.
30.04.14 JL
|
Åsmøte i Voss IL Eg minner om årsmøtet i Voss IL i kveld på Fleischer kl 1930. Enkel servering. Vel møtt!
24.04.14 JL
|
God påskeVi ynskjer god påske til alle medlemmene våre og minner om årsmøtet 24. april
15.04.14 JL
|
Gull i NM randoneeVi gratulerer Lars Erik Skjervheim med gull i NM og vinnar av den første kongepokalen i randonee.
8.04.14 JL
|
KlubbAdmin - nytt medlemsregisterVoss IL har teke i bruk KlubbAdmin og treng di hjelp for å oppdatere informasjonen om deg og eventuelt barna dine.
Dersom vi har registrert e-postadressa di, har du fått tilgang til Min idrett og kan der leggje inn eller justere opplysningar på "min profil". Har du ikkje tilgang til Min idrett, må du kontakt medlemsansvarleg i gruppa di for å formidle opplysningar som e-post, mobilnummer, korrekt skrivemåte av namn og fødselsdata. Du finn namnet på medlemsansvarleg og meir informasjon om det nye registeret HER
19.03.14 JL
|
NM-sylv til VebjørnVebjørn Turtveit tok sylv i NM jr på 20 km. Voss IL gratulerer!
17.03.14 JL
|
1. og 3. plass til Erling i SSLErling har imponert på heimebane denne veka og i dei to siste FIS-renna i SSL tok han 1. og 3. plass. Vi gratulerer!
13.03.14 JL
|
Gratulerer ErlingVi gratulerer Erling Astrup Sjøtun, Voss IL med 1. plass i FIS-renn i SL og 2. plass i SSL på heimebane! Fleire sjansar onsdag og torsdag!
11.03.14 JL
|
Flott 6. plass til Sjur
|
Styremøte i hovudlagetNeste styremøte er sett til onsdag 5. mars kl 1930 i Idrottshuset.
23.02.14 JL
|
Grasrotandelen til VossabadetVoss IL gjev sin grasrotandel frå 1.01.-1.05.14 til Vossabadet. Vi oppmodar alle spelarar om å gje sin andel til Voss Idrottslag i denne perioden.
9.02.14 JL
|
Årsmøte i Voss IL 2014Gruppene: Alpint 3. mars kl 2000 i Idrottshuset Tennis 6. mars kl 1900 på Tre Brør Orientering 7. mars kl 1900 i Idrottshuset Symjing 10. mars kl 2000 i Idrottshuset Gymnastikk og turn 12. mars kl 2000 i Idrottshuset Friidrett 12. mars kl 2000 i Idrottshuset Idrettsskulen 20. mars kl 1800 i Idrottshuset Nordisk 24. mars kl 2000 i Idrottshuset
Hovudlaget 24. april kl 1930 på Fleischer Sakliste: Vanlege årsmøtesaker i samsvar med vedtektene. Framlegg må vere styra i hende 2 veker før årsmøtet. Sjå og kunngjering på: www.vossil.no
Styret i hovudlaget/gruppestyra
2.02.14 JL
|
Lukke til i OL, SjurVoss IL ynskjer deg lukke til i OL - vi heiar på deg!
2.02.14 JL
|
Styremøte i hovudlagetSyremøte i hovudlaget måndag 27. januar kl 1930 i Idrottshuset.
25.01.14 JL
|
Nytt medlemsregister i Voss ILVoss IL går no over til KlubbAdmin - den nye og enkle løysinga for idretten, seier NIF. Vi vil informerer medlemmene når systemet er på plass.
4.01.14 JL
|
Nyttårsgåve til VossabadetVekselbanken gjev 2 mill til Vossabadet. Voss IL er svært takksame!
3.01.14 JL
|
God jul og godt nytt årEg ynskjer medlemmene i Voss IL ei gledeleg jul og eit godt nytt år!
24.12.13 JL
|
Julegåve til heile VossVoss Sparebank gjev 2 mill. til badeanlegget. Voss IL er svært takksame!
21.12.13 JL
|
Badeanlegg -det må vi få til!Les leiarartikkelen i Hordaland
19.12.13 JL
|
Årets namnVi i Voss IL må stemme på Sjur for to medaljar i VM 2013, gull i stafett og bronse på 30 km.
19.12.13 JL
|
Julegåve IILitt seint ute med julegåve? Gje eit gåvebrev på familepakke til dei unge i familien! Sjå www.vossabadet.no
15.12.13 JL
|
Julegåve - lagsdrakt?Sjå under Info ovanfor.
11,12,13 JL
|
Sjur med sterk 3. etappe i stafettenSjur gjekk i dag på Noreg sitt andrelag, men gjekk laget opp til 1. plass. Sluttresultatet vart 3. plass etter Russland og Noreg I. Flott innsats.
8.12.13 JL
|
Innsamlingsaksjonen til Vossabadet er i gang Vi oppfordrar medlemmene våre til full innsats i innsamlingsaksjonen. Sjå det gode tilbodet om familiepakke på www.vossabadet.no
No ber vi om lovnad om pengestøtte som først skal betalast når Voss kommune har vedteke å byggje badeanlegget. Det står 5 mill frå Kulturdepartementet på konto og ventar på vedtak frå kommunen. 7.12.13 JL
|
Flott sesongopningDå er vintersesongen i gang igjen. Vi gratulerer Sjur med dei gode resultata på opningsrenna på Beitotølen, 10. og 3. plass. Vebjørn gjekk inn til ein 16. plass
23.11.13 JL
|
Styremøte i hovudlagetI Idrottshuset onsdag 6. november kl 1930
5.11.13 JL
|
Års- og sesongkort i Voss ski- og tursenterSom medlem i Voss IL får du rabatt på kortet. Kjøper du før 1. desember, får du i tillegg ekstrarabatt!
29.10.13 JL
|
TV-aksjonenVoss IL har gått med bøsser i Gullfjordungen saman med Grendalaget. Takk til Nils Inge, Marta, Katrine, Rebekka og Kristina.
20.10.13 JL
|
5 mill til badeanleggetVoss kommune vann fram med søknaden om ekstramidlar med god støtte av symjegruppa i Voss IL. Det var i alt 20 søknader frå 12 fylke! Vi gratulerer!
JL 30.08.13
|
Styremøte i hovudlagetFørste styremøte vert 5. september i Idrottshuset.
28.08.13 JL
|
God sommar!Vi i hovudstyret i Voss IL ynskjer alle medlemmer ein aktiv og god sommar!
JL 06.07.13
|
Søknad om ekstramidlar til nytt badeanlegg1. juni sende Voss kommune søknad om ekstramidlar på 5 mill til badeanlegg. Symjegruppa i Voss IL var aktiv med for å få fram søknaden på kort varsel. Det er symjegruppa som har brukt oppsparte midlar for å få fram teikningar og planar for søknaden.
Hovudstyret vedtok på møte 29. mai å gå inn for å samle inn midlar til badeanlegget. Dette er ei sak for heile Voss IL. Vi ventar spent på avgjera om ekstramidlar 1. august. Sjå video:
30.06.13 JL
|
17. mai 2013Voss IL er arrangør for 17. mai i år. Torgils Bryn er leiar i 17. mai-nemnda som er komne langt i planlegginga. Vi har mange gode medhjelparar, og eg oppmodar medlemmene til å seie ja når de får spørsmål om å bli med på den store dugnaden som 17. mai er.
30.04.13 JL
|
Medlemskontingent 2013Krav om medlemskontingent for 2013 er sendt ut frå Mamut medlemsservice med forfall i april. Det er viktig at kvar giro vert betalt med rett kid-nummer for at betalinga skal bli registrert. Det er gruppene som sender giroane vidare til medlemmene. vert distribuert av gruppene.
30.04.13 JL
|
Nye ungdomsrepresentantar i styretPå årsmøtet 19. mars vart Marta Loven og Katrine Loven Norekval(vara) valde til ungdomsrepresentantar i hovudstyret. Elles vart styret attvalt med Jorunn Lødemel, leiar Torgils Bryn nestleiar, Marianne Bakketun skrivar og Gro Almeland Sævig kasserar. Av årsmeldinga går det fram at 2012 har vore eit godt år for laget med breide og topp. med god rekruttering av aktive i mange grupper, og innsatsvillege tillitvalde og dugnadsfolk. Økonomien i laget er god med eit resultat på 245 436,- samla.
Sjur Røthe (nordisk)vart heidra med vandrepokalen til beste mannlege utøvar for 8. året på rad, Anna Haugo Bryn (alpint)fekk vandrepokalen til beste kvinnelege utøvar og Knut Skiple O-gruppa fekk dugnadspokalen.
3 utøvarar fekk kr 4000,- i stipend som er ein del av sponsoravtalen med Voss Sparebank: Magnus Haugo (nordisk), Synnøve Hatland (O-gruppa) og Erling Sjøtun (alpint).
Olav Farestveit orientere om utviklinga av Voss ski- og tursenter AS.
29.03.13 JL
|
Hugs årsmøte tysdag 19. mars Du er velkomen til årsmøtet kl 1930 på Fleischers Hotel.
Vanlege årsmøtesaker Justering av lov for Voss IL Om Voss ski- og tursenter v/Olav Farestveit Enkel servering
JL 17.03.13
|
Gull til Sjur i stafetten i VMVoss IL gratulerer Sjur med gullmedaljen i dag. Det er den 90. medaljen i godkjende VM- og OL-greiner til utøvarar frå Voss.
1.03.13 JL
|
Sjur går 3. etappen i stafetten i VMVi trur på gull!
28.02.13 JL
|
5. plass til SjurEin flott 5. plass på 15 km fri - vi gratulerer igjen!
27.02.13 JL
|
VM- bronse til SjurVi gratulerer Sjur med bronsemedalje i VM i Val di Fiemme på 3-mila. Så fantastisk for Sjur og heile familien, langrennsgruppa i Voss IL, for laget og for bygda! Endå ein medalje til Vossabygda - den 89.
Voss IL 23.02.13 JL
|
NM jr. - vel blåst!Endå eit vellukka arrangement er gjennomført av den dyktige arrangørstaben i Voss Alpin. Vi gratulerer!
17.02.13 JL
|
Sjur med 7. plass i DavosSjur vart nr. 7 og best av dei norske på 15 km i dag. Vi gratulerer og gler oss til VM.
17.02.13 JL
|
Årsmøta i Voss ILFølgjande årsmøte er fastlagde:
Nordisk gruppe 18. februar kl 2000 i Idrottshuset Symjegruppa 25. februar kl 2000 hos Skigutane Idrettsskulen 25. februar kl 1800 på Voss folkehøgskule (matsalen) Alpingruppa 25. februar kl 2000 i Idrottshuset Gymnastikk- og turngruppa 26. februar kl 1900 i Idrottshuset Friidrettsgruppa 27. februar kl 2000 i Idrottshuset Tennisgruppa 28. februar kl 1900 i Idrottshuset Orienteringsgruppa 1. mars kl 1900 i Idrottshuset
Hovudlaget 19. mars kl 1930 på Fleischers Hotel Sakliste: Vanlege årsmøtesaker i samsvar med vedtektene. Nye lover i hovudlaget (etter mal frå NIF 2012) Framlegg må vere styra i hende 14 dagar før årsmøtet.
05.02.13 JL
|
Sjur slo til igjenSjur gjekk siste etappe på stafetten og slo til i innspurten.
|
Vebjørn Turtveit til Jr VMVi i Voss IL gler oss med Vebjørn og ynskjer han lukke til i Tsjekkia!
11.01.13 JL
|
Vil du vere funksjonær?No har du sjansen igjen til å stille som frivilleg på hovudlandsrennet i skiskyting 22.-24. februar 2013. Voss skiskyttarlag er arrangør, men ber om at Voss IL sine medlemmer stiller opp! Meld deg på www.skiskytingvoss.no
Frist: 20. januar
JL 09.01.13
|
Gladmelding I desember 2012 fekk Voss IL gladmeldinga om 115 414 i momskompensasjon. Summen er overført til gruppene fordelt etter kva kostnader dei hadde i 2012.
Eg minner om første styremøte i hovudlaget 10. januar.
3.01.13 JL
|
God julEg ynskjer ei kvit og aktiv jul til medlemmene i Voss IL.
24.12.12 JL
|
2. plass til Sjur RøtheVi i Voss Idrottslag ropar hurra for Sjur sin 2.plass i Canada!
14.12.12 JL
|
Vi gratulerer Sjur
JL28.11.12
|
Sterk opning på BeitostølenSjur Røthe vart nr. 6 på 15 km klassisk i dag. Vebjørn Turtveit vart nr 23 på 15 km fri teknikk fredag og nr. 39 i dag. Vi gratulerer!
JL18.11.12
|
Sesongkort/årskort i Voss ski- og tursenterEr du medlem i Voss IL, får du rabatt på kr 200,- på sesongkort og kr 400,- på årskort i Voss ski- og tursenter. Sjå www.skivoss.no med tilbod om kampanjepris fram til 30. november.
30.10.12JL
|
Purring på medlemskontingenten 2012I desse dagar får du som ikkje har betalt medlemskontingenten, tilsendt giro. Er de fleire i familien, må du betale kvar giro med korrekt KID-nummer for at det skal bli rett registrert. Ver merksam på at medlemskontingenten gjeld for heile laget og alle gruppene, men den gruppa du deltek i, har oftast treningsavgift i tillegg.
Vil du bli medlem, bruk flagget "Bli medlem" oppe til ventsre på denne sida. Vil du melde seg ut av Voss IL, må du sende skriftleg utmelding.
22.10.12JL
|
TV-aksjonen 2012Voss IL gjekk rundt med bøsser i Gullfjordungen i dag saman med Gullfjordungen grendalag. Takk for god innsats for Amnesty.
21.10.12JL
|
Nye lagsdrakterDei nye draktene er leverte ut til gruppene som har bestilt. Flotte jakker, bukser og tights med ny design og i klubben sine fargar. Du kan etterbestille hos gruppeleiaren din innan 15. oktober.
05.10.12JL
|
Voss IL på Torget 6. okoberVoss IL finn du på torget 6. oktober frå kl 1000 -1500. Kom innom og ta ein prat og/eller få spennande oppgåve frå O-gruppa.
05.10.12JL
|
Impulssamling - ny datoImpulssamlinga er lagt til Bømoen og skikretsen si samling 14. september kl 2000. Samlinga varer ein time.
1.09.12JL
|
Nye overtrekksdrakterLeveringa er avtalt til 10. september.
1.09.12JL
|
Styremøte i hovudlagetFørste styremøte i haust er 4. september kl 1930 i Idrottshuset.
1.09.12JL
|
Impulssamlinga utsett til haustenImpulssamlinga som var sett opp tysdag 12. juni er utsett til hausten pga. få påmelde.
11.06.12JL
|
Nye overtrekksdrakter for Voss ILLaget har no prøvemodellar for dei nye draktene frå Trimtex. Det er overtrekksdrakter og tights. Fargane er framleis blått og gult, men designet er nytt. Ta kontakt med gruppeleiararen din innan 12.juni om du vil prøve. Det blir kjøpt inn drakter berre etter bestilling. Langrennsdrakter vert tinga til hausten.
JK11.06.12
|
Mobilreturen
11.06.12JL
|
HeidersmedaljePå NM-festen 8. juni i Voss ski- og tursenter vart Olav Farestveit tildelt Voss IL sitt heidersmerke i gull for det omfattande arbeidet han har gjort for laget og spesielt for arbeidet i VSTs dei siste 10 åra. Han held fram som styreleiar.
11.06.12JL
|
MobilreturenAksjonen er utvida med ei veke og vert først avslutta 13. mai. Til og med laurdag 12. mai kan du levere i butikken til MobilData på Amfi.Finn fram den gamle mobiltelefonen din og lever den til oss. Du støttar Voss IL med kr 35,- og ikkje minst, du vernar mijøet.
12.05.12MB
|
Årsmøtet 2011Årsmøtet i Voss Idrottslag vart avvikla torsdag. Les pressemelding frå møtet - HER - Martin Hindenes, Voss Sparebank, delte ut stipend til Anna Haugo Bryn, Erling Sjøtun og Olav Haugo.
|
Medlemskontingent for 2012Du får i desse dagar tilsendt innbetalingsgiro på kr 300,- for vaksne (frå 17 år) og kr 150,- for born. Forfall er 16. mars. Skal du betale for fleire i familien, må du betale kvar enkelt giro og oppgje KID-nummer for å få betaling rett registrert. Giroane vert utsende av MAMUT. Betalt medlemsavgift gir rabatt på sesongkort/årskort i Voss Ski- og tursenter!
|
Gratulerer Sjur!Voss IL gratulerer Sjur med bronsemedaljen på 30 km. Det var høgdepunktet på arrangementet. Sjå omtalen i "Hordaland".
30.01.12JL
|
SkiNM i vest - idrettsglede og folkefestFørste del av NM er over, og vi kan glede oss over dei gode tilbakemeldingane frå utøvarar og leiarar, NSF, presse og publikum. Takk til alle i Voss IL som var med og laga NM til den folkefesten vi hadde håpa på.
30.01.12JL
|
Gratulerer Vebjørn!Vebjørn Turtveit vann i dag NC-rennet i 10 km fristil på Lygna.
JL 6.01.12
|
Godt nytt år!Eg ynskjer medlemmene i Voss IL eit godt nytt år! Takk for god innsats i 2011 både til aktive og tillitsvalde.
JL27.12.11
|
700 frivillege til NMLangt fleire enn venta har meldt seg som frivilleg til NM. No er det førebels stopp til komiteen har disponert alle som har meldt seg.
14.12.11JL
|
Meld deg som frivilleg til NM!Me treng frivillege til NM! NM veka for langrenn og kombinert er 23. - 29. januar 2012. Det trengs folk heile veka. Til klargjering og opprigging før renna startar, gjennomføring av renna frå torsdag til sundag og til nedrigg og rydding frå sundag ettermiddag.
Dersom du har problem eller spørsmål ta kontakt med Marita Hefte tlf: 90 60 41 98 Info om NM finn du på www.skinmvoss.no
|
Bilde frå Jubileumsfesten
|
Bilde frå Jubileumsfesten 1
|
Vellukka 125 års jubileumsfest121 festpynta gjester fylte matsalen på Fleischer laurdag 17.september etter myldring med gamle filmar og miniutstilling av Voss IL.
Festeleiaren, Arne Hjeltnes, laga ei folkeleg og humoristisk ramme om festen. Kari Finne Sognnæs sine songar frå Voss rørte festdeltakarane, og Jon Aske presenterte 125 års historie med eigne vers og tidsrett kledrakt i fem akter. Jørgen Rokne framførte prolog med laurbærkrans om halsen med bodskapen om at alle var vinnarar på sitt nivå Det var helsingar og gåver frå Hordaland Idrettskrins v/nestleiar Helge Johnsen, Voss kommune v/varaordførar Sigbjørn Hauge og Voss Sparebank v/banksjef Kjell Jostein Bø. Jubilanten fekk gåver frå Viljar IL, IL Ørnar, Fotballklubben Voss, Utferdslaget, Voss Resort og Gerd Tønjum. Leiar, Jorunn Lødemel takka for gode ord og gåver.
Marianne Bakketun, Arne Hauso og Torstein Gunnarson fekk Voss Idrottslag sitt heidersmerke i gull. Heidi Olsen, Voss Idrottsråd, takka for maten: Krema fiskesuppe, urtemarinert lammefilet med fløytepotet, broccoli, ratatuille og skysaus, vaniljeis med frsik fruktsalat, kaffi og te.
Wannabes 5-manns orkester spelte til dans til kl 0200.
18.09.11JL
|
Rosethytta med nytt takI desse dagar vert det lagt nytt tak på Rosethytta, men dei gamle skiferhellene vert brukte på nytt. Sjå den flotte biletserien frå arbeidet under Rosethytta. Ta gjerne turen til Roset - ein fin kveldstur og ei fantastisk utsikt.
23.06.11JL
|
Ny link til Ski NM Voss 2012Her finn du god informasjon om NM. Du finn og skjema for å melde deg som frivilleg under NM og for å registrere kor mange timar du har jobba for arrangementet. Eg oppmodar medlemmer i Voss IL om å melde seg.
20.06.11JL
|
Medlemskontingent for 2011Det er enno mange medlemmer som ikkje har betalt den tilsendte giroen frå Mamut. Purring vert sendt ut, men du sparer laget for utgifter om du betaler no. Medlemskontingent for vaksne er kr 300,- barn til og med 16 år kr 150,-.
Betal kvar giro for seg, elles vert det ikkje registrert korrekt i datasystemet.
1.06.11JL
|
Sjur nr 4 på 5 mila i VMPetter Nortug vann, russar på andre plass, Tord Asle Gjerdalen på tredje og vår eigen Sjur Røthe på fjerde plass! Petter Eliassen var uheldig og ramla nokre hundre meter før mål, men greidde 11. plass. Martin Johnsrud Sundby vart nr 24. Svært god laginnsats!
Gratulerer Sjur og heia Noreg!
|
Om Sjur og idrettsbygda VossVestlandsrevyen intervjua Knut Steinar Skiple på Voss IL si jubileumsutstilling på Mølstertunet.
|
Sjur i VM
Vi ynskjer lukke til på 5 mila søndag.
|
Jubileumsskriftet framleis i sal Jubileumsskriftet "Laget i sentrum" har fått god omtale. Du får framleis kjøpt skriftet i bokhandlane og direkte frå laget.
|
Reint idrettslagVoss IL har registrert seg som "Reint idrettslag". Det betyr at vi vil drive førebyggjande antidopingarbeid ved å informere utøvarar, trenarar og foreldre. Du finn aktuell informasjon på linkane. Prøv gjerne e-læringsprogrammet "Rein utøvar".
Vi arbeider for å få teksten på nynorsk.
|